Aktiviteter
Mange kjem hit først og fremst for å oppleve fred og ro i den friske sjølufta, men du finn og tilbod utover dette:
Nordsjøløypa er ein merka tursti som startar på Henja på vestsida av øya. Den går så langs vegen og nordover i utmarka forbi feriesenteret. Dette er ein lett tur som passar for alle, berre ein har skikkeleg fottøy på. Løypeark, med kart og skildring av løypa og terrenget finn du i venteskuret på Henja og I kafeen på feriesenteret.
Du kan og sjå på løypearket her (du må ha Acrobat reader for å lese det).
Postruta I Nord-Solund-øyhopping på eigenhand
Frå Hersvik går post- og passasjerbåten ”Pandora” kvar dag ut til øyane i Nord-Solund. (Andre rutetider sundag, men då utan post) Ruta går gjennom det smale Kråkesundet og til Saltskår, Færøy, Buskøy og tilbake til Hersvik. 
Du kan hoppe av på ei av øyene om du ynskjer å gjere deg betre kjend, du berre avtaler med båtføraren korti neste stopp er og du blir henta. Dette er ein verkeleg flott tur som viser litt av kvardagen her ute. Vil du sjå meir av den fine skjærgården, er det høve til å ”charte” ”Pandora” til ein rundtur til Ospa, eit øyrike rett vest for Salskår og Færøy. Ospa er ”befolka” av kobbe og sel, mange fugleartar, oter, hjort og sauer på sommarbeite. På denne turen går båten innom krigsminnesmerket etter hendinga med MTB-345. Den 29. juli 1943 vart torpedobåten MTB-345, som låg i skjul der minnesmerket er i dag, oppdaga av tyskarane, kor seinare alle ombord vart tekne til fange og henretta på Ulven leir. Meir om MTB-345 her.

Priser:
Vaksne kr 41,- per person (ved avhopp må det betalast returbillett)
Tur i Ospa: Kr 500,- per tur (delast på antal passasjerer)
Rutetider:
Postruta: Frå Hersvik kl 1115
Andre ruter:
Frå Hersvik:
| Man-fredag |
kl 1045, 1515, 1900 |
| Fredag |
kl 2030 |
| Lør-søndag |
kl 1640 |
| Søndag |
kl 1200, 1745, 1900 |
Frå Færøy :
| Man-fredag |
kl 0840, 1710 |
| Lør-søndag |
kl 1010 (I perioden 19.06-21.08) |
| Søndag |
kl 1615, 1710 |
På naboøya vår, Buskøy, ligg steinverksemda Veststein ANS. Der lagar dei mange ulike fine produkt av den lokale steinarten sulestein, som er ein konglomeratstein. Om du ynskjer kan vi gjere avtale så du kan komme besøke dei og sjå og høyre om korleis ein får ”gull ut av gråstein”. Og kanskje vil du kjøpe med deg ein unik suvenir heim. Reise til og frå Buskøy gjer du enten med eigen båt eller med ”Pandora”. Men hugs at besøk må avtalast på førehand. Vil du vite meir om sulestein og Veststein ANS, klikk her. På Buskøy finn du og Buskøy landhandel, som er ein landhandel av den gamle sorten, vel verdt eit besøk!
På Bakkane gard på Færøy kan du gå innom og sjå korleis fjøsstellet føregår, med mjølking og fôring morgon og kveld. Dei minste vil og sette pris på å mate kalvane, og kanskje vil dei smake på rykande fersk mjølk! 
Jerseykyrne på Bakkane er særs veleigna til smørproduksjon, då mjølka har ein mykje høgre feittprosent enn andre rasar. Det er ikkje mange smørprodusentar att i dag, difor er det ikkje mange stader ein ser desse spesielle Jerseykyrne i Noreg. Vil du ha med deg ekte smør heim, får du kjøpt dette på feriesenteret. Bakkane gard har og kaninar og nokre få høns, og kunne du tenke deg egg frå lukkelege høns til frukost, får du kjøpt egg av bonden.

Båtutleige.
Om du vil ut på sjøen og ikkje har eigen båt, har feriesenteret ein 14 fots Tobiasbåt med 4hk påhengsmotor til leige. Denne båten passar til maks 3 personar. Døgnprisen er kr 250,- + bensin.
|