Kafé/pub og bakeri

I det tidlegare skulehuset frå 1921 er det i dag kafé i hovedetasjen og bakeri i kjellaren. På framsida er det ein stor altan der ein kan nyte god mat og drikke utandørs.

Vi ynskjer å kunne tilby våre gjester god tradisjonsmat laga frå bunnen av. Difor har vi laga ein vekemeny med dagens middag for sommarsesongen. Til dømes kan vi nemne vår populære bondekostbord der det meste av råvarene som er brukt kjem frå Bakkane gard på øya. I tilleg har vi og ein enkel a la carte meny, og har du spesielle ynskjer  til meny, så er det berre å spørre. Kafeen har og løyve for servering av øl, vin og brennevin, både inne og utandørs.
I helgene har vi ofte pubkveldar, gjerne med ein trubadur, der både lokale, hyttefolk og båtfolk samlast for ein dans.

Vi har og frukostservering når bakarvarene er ferdige. (På bestilling dagen før)

I det vesle bakeriet I kjellaren, der det tidlegare var barnehage, tilbyr vi rykande ferske brød, rundstykkar og kaffimat kvar dag I sommarsesongen. Her er naturlegvis alt baka for hand som gode bakevarer skal.
Kan du tenke deg ein betre start på dagen enn med ferske bakarvarer til frukost?